HISTORIA VÅR
Ornella starta Uliveti Castel San Martino i 2011
Giovanni, Nils Johan og Michele i oliventeigen
Giovanni og Luigi
Solopaca er landsbyen Giovanni har røtene sine. Familien til Giovanni dreiv landbruk i mange generasjonar, skalert ned i dei to seiste generasjonane og då vore meir til eigen bruk.
Den seiste generasjonen som dreiv landbruk i større skala var Giovanni sine oldeforeldre - Elvira og Pasquale. Elvira styrte familien og var ei forretningskvinner som styrte garden saman med mannen sin Pasquale. Saman stelte dei oliventeigane, vinrankene og anna fruktdyrking slik familien før dei hadde gjort i generasjonar før dei.
Mora til Giovanni, Ornella, var barnebarn av Elvira. Ho drøymde om å starte opp att besteforeldra sin aktivitet med olivendyrking og lage olivenolje. I 2011 ervde Ornella ein oliventeig, og saman med mannen sin Ernesto starta dei bedrifta og garden Uliveti Castel San Martino.
Då Ornella døde i 2014 tok Giovanni og partner Nils Johan ei avgjersle om å bli med i Uliveti Castel San Martino og halde fram draumen til Ornella. Giovanni slutta som forsker og underviser på universitet i London, og endra livet sitt til å følgje opp det Ornella hadde starta. I 2014 vart Nils Johan partner i Uliveti Castel San Martino.
Frå 2014 dreiv Giovanni, Nils Johan og Ernesto Uliveti Castel San Martino saman. I 2017 døde Ernesto og Giovanni og Nils Johan har sidan då hatt ansvaret for garden og bedrifta Uliveti Castel San Martino.
Sidan 2015 har me utvida gardsdrifta og investert i nytt utstyr. Denne utvidinga har gjort oss i stand til å ta vare på lokale oliventyper som er lokale og i lita grad tatt vare på - slik som Ortice og Femminella. Me har også endra til økologisk dyrking og etablert eit moderne arbeidsrom med nytt utstyr.
I 2016 vart Michele, ven og agronom, med som partner i Uliveti Castel San Martino. I 2021 vart Tommaso, ein av slektningane til Giovanni, også med som partner i garden.
Frå 2022 har me i tillegg til produkjsjon og salg av ekstra virgin olivenolje starta med skreddersydde opplevingar og reiser i lokalområdet, og sjølvsagt med fokus på mat og olivenolje. Me gjer dette gjennom bedrifta vår "Uliveti Experience Srl".
Aktivitetane i Uliveti Experience har fokus på lokal matkultur og matproduksjon. Giovanni og Nils Johan organiserer aktivitetene saman med Teresa, partner i Uliveti Experience og slektning av Giovanni, i tillegg til Luigi, som er rådgjevar og døropnar til produsentar i nærområdet for Uliveti Expperience.
Målet vårt er at Uliveti kan vera med på å vise fram eit ekte og flott del av Italia, som endå ikkje har mykje turisme, ved å promotere matkultur og tradisjonar.
Ernesto, far til Giovanni, dreiv Uliveti saman med Ornella frå 2011
Nils Johan og Giovanni
Solopaca, gatebilet i sentrum med huset der Uliveti har arbeidsrom