UTFORSK OMRÅDET VÅRT MED ULIVETI
Ynskjer du å utforske Solopaca og områda rundt?
Me organiserer skreddersydde opplegg for bedrifter, opplæringsinstitusjonar og private turar. Du kan lære om olivenoljeproduksjonen med Giovanni og Nils Johan og dra på piknik i oliventeigane våre. Eller oppdage lokale mattradisjonar, vitje lokale matprodusentar, gardar og smake nydeleg mat og drikke saman med oss. Du kan også utforske naturen og andre byar i Campania med gode guidar. Velkomen!
Nokre av våre aktivitetar
Olivenoljesmaking og vitje oliventeigar
Nyt ein nydeleg piknik i oliventeigen vår
Vinsmaking og nydeleg mat
Besøk vingard og gourmet restaurant i Guardia Sanframondi.
Lag fersk tradisjonell pasta
Lær å lage Carrati - tradisjonell pasta frå Pietraroja.
Lær å lage ekte napoletansk pizza
Lag skikkelig napoletansk pizza - alt frå deig til fyll - i Cusano Mutri.
Besøk ost- og skinkeprodusentar
Smak på saueost og skinke frå Pietraroja eller bøffelmozzarella i Alvignano.
Utforsk historiske byar i Campania
Besøk Napoli, Pompei, Benevento, Sant'Agata de Goti, eller andre historiske byar med oss.